Og det er ikkje så lengje sidan heller. Det er under ein mannsalder sidan Trio tamreinlag avslutta verksemda si, og dei siste reinsdyra vart sendt ned til slakteriet i Rånå med taubane frå nettopp Brennhøe. I år er dette eit av turmåla i Lesja, og spora etter den spennande næringssatsinga er fortsatt å sjå på toppen av høa.

I den vesle grenda Rånå vart det oppgangstider når Trio tamreinlag vart stifta. Håkon Bakken Lindbom (79) var ein ung kar i 1953. I dag bur han i det som var brukt som gjetarbu, ved sidan av slakteriet på Myrhaug i Rånå.

– Ingvald Brudeli sa at vart vi med på dette kom vi til å tene godt. Kanskje 40 kroner dagen. Det var store pengar den gongen, for oss som tente 25 kroner dagen, fortel Bakken. Tamreindrifta skapte liv i grenda. Brudeli var ein av føregangsmennene for at Trio tamreinlag vart ein realitet. Han var barnefødd på Verma, men hadde gard på Lesjaskog. Han gjekk inn i tamreinarbeidet med liv og lyst, og skreiv både lærebok i faget og ga ut avisa «Fjell-Nytt» som dreia seg om tamreindrift over heile landet.

Håkon var med på gjetinga. Frå bak Kjølen, over Nysætre i Lordalen til bua ved Grønvatna til Digerkampen - områda var store. Villreinfangst har vore ein del av tradisjonen i uminnelege tider, noko spor etter store fangstanlegg. Tamreindrift er av nyare tid. Det første ein kjenner til, utanom tradisjonell samisk reindrift, er frå andre halvdel av 1700-talet. I Ottadalen var dette kjend frå 1840 talet i Reinheimen og Breheimen. Fram til 1930-talet var det både tamreindrift og villreinjakt, da ebba det ut sidan det ikkje var at såpass med rein at det var nok som var verdt å gå av seg skosolene for. Det var ikkje berre her det var få villrein, i heile landet er det oppgjeve at det var felt berre 75 villrein dette året.

Historia til tamreindrifta var stuttare på andre sida av fjella i Reinheimen. Rett nok starta Lesja tamreinlag opp i 1944, som starta med kjøp at 300 livdyr frå Skjåk tamreinlag. Laget var i drift frå 1949. Laget gjorde det godt økonomisk, men fekk ikkje fornya konsesjonen sin etter konflikt med Lesja fjellstyre. Trio tamreinlag vart danna i 1954, mellom kommunane Skjåk, Lesja og det som den gong heitte Grytten kommune. Det var 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. På Skjåk-sida hadde det vore tamreindrift heilt attende til 1840-talet, det vart meir motstand i Lesja og Grytten der tamreindrifta var ny. Laget hadde eit beiteområde på rundt 2400 kvadratkilometer, noko større enn heile Lesja kommune. Reinsflokken var samansett av rein frå Skjåk tamreinlag og Lesja tamreinlag, som vart avvikla. I tillegg vart det kjøpt noko svensk skogsrein. I 1959 vart flokken utvida med innkjøpt svensk skogsrein. På det meste hadde laget opp mot 2500 rein. Det var to faste slakteplassar. Trio hadde eit slakteri i Hamsevika i Skjåk, der det gamle seterysteriet på Billingen sæter var brukt. Også var det altså Myrhaug i Rånå. Her var det eit hus som var fråfløtt nokre år tidlegare som vart gjetarhuset. I tillegg var det bygd slakteri.

Gjetarar var tilsett. Arthur Holten og Gustav Grannefjell hadde begge samisk bakgrunn, og eit spesielt godt drag med lassoen. Det kom godt med under den årlege slaktinga. 20-30 personar sanka reinen i kveer på oversida av Brennhøe. Lassoen vart kasta ut, reinen var henta ut av flokken. Ola O. Mølmen frå Lesjaskog sto klar med salongrifla, andre sto klar for å stikke reinen så blodet fekk renne av. Så vart dei frakta i taubane ned til slakteriet på Myrhaug, der slaktarane sto klare for å ta seg av dyra. Turen ned frå fjellet tok berre eit par minutt. Andre vegen tok det rundt eit kvarter.

– Det var 70 meter ned på det høgaste, fortel han.

Dei vart flådd og vomma, og skrottane vart hengt på krokar i taket. Det var arbeid til mange under slaktinga, det trengtes folk oppe på fjellet og nede i bygda når så mykje som 800 dyr skulle bli slakta. Alle som kunne hjelpe til tok i eit tak. Håkon hugsar at dei blant anna gjorde klar rein som skulle skipast ut over Ålesund til Florida. Håkon hugsar i alle fall fire slaktarar som var i arbeid her: Sigurd T. Bjorli, Oliver Rasmussen, Ola Kullungstad og Edvin Lotten.

– Kjellaren kalla vi berre gorrkjellaren. For du veit, det rann berre rett ned dit, seier Håkon som uheldigvis fortsatt kan hugse lukta.

Han hugsar ei historie ein gong slaktar Sigurd T. Bjorli vart borte for dei ein kveld. Dei leita etter han, og fann han inne på slakteriet. Der hadde han lagt seg på slakterbenken med ei rå hud under seg og ei over. På den måten slapp av å sykle heimatt.

Motstanden mot tamreinen var stor, i fleire deler av området. Omtrent samtidig med at Trio starta opp, vart Villreinsamanslutninga danna. Her var det medlemmar frå alle kommunar rundt Reinheimen som starta arbeidet med at villreien skulle attende til fjellområde. Til slutt var den for stor. I 1962 kom det ein søknad frå Øystein Mølmen som lurte på om tamreinlaget kunne tenkje seg å overdra reinen sin for å bygge opp ei villreinstamme. Etter fleire møte gjekk eit klart fleirtal av eigarane inn for dette, prisen var 800 000 kroner. Noko av reinen vart seld til Holtålen, noko tamrein var starten på det som i dag er villreinen i Reinheimen. Trio vart avvikla i mai 1964. Jakta på villrein i Ottadalsområdet starta opp att i 1967, dei årlege fellingskvotene har dei siste 20 åra variert mellom 800 og 1800 dyr. Dyra frå Trio heldt ut lenge. Brudeli hadde i 1974 ein notis i bladet sitt om at det da var felt ei 15 år gamal simle som stamma frå drifta Trio hadde. Det kunne ein sjå av øyremerket.

Håkon kjøpte, saman med syskena Erland og Anfrid, eigedommen Myrhaug og gjeterbua for 17 000 kroner i 1966. Med på kjøpet fekk det 27 mål tomt, ei taubane til Brennhøe og ei gjetarbu. Denne bua bestemte Erland og Håkon seg for at dei ville plassere ved Storvatna innved Digerkampen i Reinheimen.

– Der vart vi einige om at det var så fint, seier Håkon.

Den vart frakta innover med bulldosar. Det tok ikkje lange tida før dei fekk beskjed om at det var da aldeles ikkje berre å plassere ei hytte der. Saka var løyst ved at Lesja fjellstyre fekk kjøpe bua, slik at i dag kan du leie deg ei hytte med historisk sus berre fem-seks timars gange frå Rånå. Kanskje du kan leige deg inn i tamreinlaget si bu medan du er på jakt etter villrein?