Bysta sto opprinneleg utanfor inngangen til Dovre ungdomsskole, men da utbygginga i forbindelse med flytting av VGS til Dombås byrja, vart bysta midlertidig fjerna frå området. Sidan den gong har den stått lagra, men til hausten kjem Moen fram igjen.

Nytt lokaleNo har det vorte bestemt av Oppvekst-, kultur- og omsorgsstyret (OKO-styret) i Dovre kommune at bysta skal få ny plassering i Minneparken i hjartet av Dombås. Det blei beslutta i eit møte den 23. mai, kor styret vedtok at det også vil bli satt opp ei informasjonstavle i tilknytning til bysta.

Plan- og utviklingssjef i Dovre kommune, Inge Angård, fortel at den eksakte plasseringa vil bli drøfta etter ferien, og bysta vil bli gjenreist i Minneparken i løpet av hausten.

– Det kom fleire innspel frå slektningar av Lars Moen om kvar dei ville bysta skulle stå, og politikarane fulgte eine anbefalinga om eit ønske å ha den ståande i sentrum, fortel Angård.

Frå skreddar til statsrådBysta av Moen blei først avduka i 1977 av tidlegare statsminister Einar Gerhardsen.

Lars Moen blei født på Rånålykkja i Lesja kommune i 1885. Etter folkeskule og framhaldsskule gjekk han skreddarlære hos skreddermester Mikkelsen i Lillehammer og Elverum. Der møtte han kona Kristine Diseth i 1911, same året som han opna skredderverksted på Dombås. Der var han buande resten av livet.

Moen kom tidleg inn i politikken, og blei medlem av kommunestyret i Dovre i 1919 fram til 1941, kor han også var varaordførar i 1938. Han var sentral i oppbygginga av arbeidsrørsla i Gudbrandsdalen som leiar i kretspartiet i Nord-Gudbrandsdalen. I 1932 vart han formann for Gudbrandsdalens Arbeiderparti, fram til 1949.

I 1928 vart Moen fast stortingsrepresentant, kor han satt samanhengande i 30 år, kor han kom inn i kyrkje- og undervisningskomiteen. Der blei han formann i 1946, og i 1948 kyrkje- og undervisningsminister, mykje takket vere hans breie skulepolitiske erfaring. Mange var skeptiske til at ein skreddar fekk denne jobben, men Moen viste seg å være ein sterk og nyttig statsråd.