Omlag 150 deltakarar frå fjern og nær hadde teke turen til Dovrefjell, kor det i helga var duka for orienteringsløp under namnet Moskusspretten for fyste gong. Dei fleste var frå utanbygdes, og heilt frå Sverige, Nederland og Amerika stilte deltakarar i moskusens rike på Noregs tak.

- Samlingsplass var lagt i naturskjønne omgjevnader ved Storhusranden rasteplass, og med strålande vêr kunne alle kose seg på samlingsplass, fortel Kolstad.

Hard konkurranseLøpet besto av fire ulike løyper i forskjellig lengde. Ein lang, mellomlang, kort og ekstra kort for dei aller nyaste. Særs hard var konkurransen i den lengste løypa, med stor deltakelse av profesjonelle utøvarar innan idretten.

- Ut i frå namna på resultatlista skulle ein nesten tru det var Norges-cup som blei arrangert, seier Kolstad.

Tidlegare eldsjel i Dovre Idrettslag, Egil Sletner, var ein av dei få lokale utøvarane. Egil fekk i gong orienteringsidretten på Dovre ved å arrangere nybyrjarkurs sist på 70-talet, og var ein pådrivar av idretten i bygda i mange år.

- Det er takka vere han at arrangørane av Moskusspretten blei orienteringsløparar, fortel Arne Inge Kolstad, som saman med broren Svein Terje.

Saman med Egil stilte Anne-Lise Sletner med sonen Trond og barnebarn. Andre lokale var blant anna Hans Ivar Kolstad.

- Hans Ivar løp ein del som ung, men dei andre hadde ikkje laupt så mykje orientering tidlegare, men fullførte nybyrjarløypa i fin stil. Vi kan ikkje sjå bort i frå at vi kan treffe desse i O-skogen ved ei seinare anledning, fortel arrangør Kolstad.

Tok initiativArne Inge Kolstad har brukt dei siste somrane på å lage det nye kartet på Dovrefjell. Kartet er enno lite, og løypa går langs E6 mist mellom Dombås og Hjerkinn, nærmare bestemt Furuhaugli. Kolstad er også i gong med oppgraderingar av eit par av dei gamle orienteringskarta på Dovre, i tillegg til å lage eit nytt sprintkart på Dombås.

- Det ligg derfor godt til rette for å starte med orientering i bygda om nokre lokale vil engasjere seg, fortel Kolstad, som gjerne tek turen for å drive nybyrjarkurs dersom det er interesse.

Fullstendig resultatliste over Moskusspretten ligg her.

Egil Sletner tok initiativ for orientering i Dovre på slutten av 70-talet. Foto: Arne Inge Kolstad/Wing Orienteringsklubb
Anne-Lise Sletner (t.h.) med sonen Trond og barnebarn. Foto: Arne Inge Kolstad/Wing Orienteringsklubb