- Det er det berre dei beste som får, så vi på Hjerleid er stolte og glade over at lærlingen har fått eit så godt resultat, fortel dagleg leiar ved Senter for Bygdekultur, Helle Hundevadt.

Lærlingen frå Kongsvinger, er tidlegare elev ved handverksskulen på Design og Trearbeid, noko som ga meirsmak og lyst til å lære meir innan trearbeid. Han fekk deretter plass som lærling på møbelsnekkeravdelinga i Senter for Bygdekultur, som blir leia av Njål Andreassen.

Han har fått grundig opplæring i det handverksfaglige, materialkunnskap og maskinlære, noko som kjem til nytte på den nye arbeidsplassen has. I vår hadde han praksis på Rundtom møbelfabrikk på Dombås, og etter ferien begynner han å jobbe der som faglært.

Godt resultatSvenneprøven han har laga er eit TV-bord i valnøtt og ask. Vestli fekk tildelt 60 timar til arbeid, men brukte omlag 66, fortel han, som meiner det er vanleg å gå litt over tida. Det inkluderer arbeidsteikninger, dokumentasjon av heile prosessen med tekst og bilete, kalkulering av pris, og til slutt ei egenevaluering.

Prøvenemnda som leies av Arne Rudningen fra Dovre kom, til tross for ferie, og vurderte prøven som meget godt bestått.

- Det er godt å vere ferdig. Vurderinga var den beste eg kunne få, så eg er nøgd med den, seier Vestli.

Det er altså ein særs nøgd svenn som tek ferie, og som også takker læremeister Njål for god opplæring.

Even Andre Pedersen Vestli fekk meget god vurdering på svenneprøva si. Foto: Privat