Jan Torgeir Lindsøe kom så seint som i fjor over fyldige dagbøker etter mor si, Borghild Sevaldsen Lindsøe. Dette tenkte han ville vere interessant for fleire enn familien.

– Det er ikkje så mange fyldige dagbøker frå 50-talet. Det var ei dramatisk tid i vår famile, og det var ei overgangstid i samfunnet, seier Lindsøe.

Borghild vart over 98 år. Ho var fødd i Oslo i 1904, og kom til Dovre og Nedre Lindsø i 1938. Ho gjekk bort i 2003.

EkteTekstene er mest mulig akkura slik som Borghild sjølv skreiv dei. Det er skildingar utover det personlege, og ho har gjengjeve fleire samtaler. Notatane i boka startar i 1953, og varer til 1957. I løpet av desse åra går Anton, far til Jan Torgeir og mannen til Borghild bort. Det er også nevnt fleire andre frå bygda, og om ting som skjer. Ho skriv også om adventistrørsla, som både ho og mannen Anton var aktive i. Det er også brev som Borghild har både sendt og fått.

– Eg har trykt opp 300 eksemplarar, fortel Lindsøe.