No for tida er det ikkje kvardagskost at søskenflokkar er tosifra i talet. Sverre Killi og systera Målfrid, som no har etternamnet Ulven vaks opp med 11 brødre og søstre.

– Ho mor var glad for alle ungane som kom, seier dei.

Mor Anna Killi, fødd Vorkinn, var av den trua at ho såg på kvar og ein som ei gåve. Da yngstemann Sverre såg dagens lys i 1934 var det 24 år sidan eldstemann Sivert kom til i 1910. Annakvart år kom det eit nytt born til.

– Vi prata ikkje om korleis ungar vart til. Eg veit det vart sagt at du kom til oss i ei fyrstikkekse, seier Målfrid og ser på veslebroren.

Målfrid har akkurat bikka 90 år, og har budd utanbygds heile sitt vaksne liv. Saman med mannen Erling har ho forpakta garder mange stader, før dei til slutt slo seg ned i Øyer. Dei møttest da han kom som kontrollassistent til bygda.

Sverre var berre seks år da mor Anna gjekk bort, i juni 1940. Krigsvåren var svært dramatisk på Nystugu, det var skyting og bombing rundt garden. Ei bombe øydela stabburet, der det sto klar mat til brylupet til Aksel og Marit, som vart ”nyfolket” på garden. Ei anna bombe datt rett gjennom huset, og øydela mykje. Det var 13 personar i den andre enden av huset da bomba gjekk gjennom taket. Og når mora vart sjuk og døydde kort tid etter er det ikkje rart det også no er sårt å prate om.

Far Aksel var kårkall, og budde saman med broren Simen i kårdelen. Heldigvis trådte dei eldre søskena til. Dei fire yngste fekk vera mykje hjå dei. Aksel, nummer fire i flokken, hadde overteke garden.

– Vi vart som ungane til Aksel og Marit, seier Sverre.

Dei tre eldre søskena budde alle på gardar i nærleiken, og dei tok imot sine. Målfrid hugsar ho var hjå bror Ola og familie på Nørdre Hjelle. Her hjalp ho til med mjølkning morgon og kveld. Mellom fjøsstella måtte ho på skulen, og ho gjekk dei sju kilometera til og frå skulen i Skeievoll. Det var ikkje Øverbygdsveg den gongen, så det var ofte jernbanelina som vart brukt som ferdselsåre. Vel så skummelt som sjølve toget var banevoktarane når dei kom.

– Vi måtte tidleg lære oss å arbeide, du veit, vi var mange. Vi måtte gjere nytte av oss så snart vi kunne det, seier Sverre, som hugsar at ei av dei første oppgavene han hadde var å sørge for å få ved i hus. Han er glad for å ha lært seg å arbeide. Det var arbeid til alle som ville ha det, men det var også tid til leik og moro. Kjøkenbordet var stort, for å romme den store familien.Målfrid hugsar at dei samla seg rundt bordet, og at alle åt vassgraut frå bollar som sto midt på bordet. Det var mange soverom på Nystugu, men dei måtte dele seng to og to med saufellar over seg.

Sjølv med 13 søsken hugsar dei aldri at dei har vore uvenner. Det var bannlyst. Dette er noko som alle har teke med seg

– Det beste med å ha så mange søsken er samhaldet. Det var alltid nokon å prate med, seier Sverre.

Dei har alltid stilt opp for kvarandre. Men bursdagar vart ikkje feira så hardt.

– Eg veit ikkje kva tid søskena mine har bursdag, seier Sverre.

– Veit du ikkje når eg har gebursdagen min, seier Målfrid sjokkert.

– Det er vel i mai, prøver veslebroren seg på - og få rett i det.

Dei fleste av dei 13 vart verande i og rundt Dovre. Det var berre Målfrid som flytte så langt. Sverre kom heim og fekk seg arbeid i Vågå i 1962. Kor mange etterkommarar Mathias og Anna har tilsaman har dei ikkje tal på. Alle 13 vart gift, alle fekk ungar. Dei meiner det er rundt 50 søskenbarn, den eldste av onkelungane kom til verda berre eit par år etter at Sverre var fødd.Slektstreet harimponderande mange greier.

Bak f.v.: Tor, Sverre, Aksel, Torbdjøn, Ola, Bjørner, Sivert og Otto. Framme f.v: Asta, Målfrid, Astrid, Signe og Borghild.
Her er far Mathias, mor Anna, Astrid, Signe, Sverre. Bak står onkel Simen, Ola har sixpence og Aksel er i finkleda.
Slik såg det ut på Nystugu Killi da dei tok vaks opp.
Mathias og Anna Killi er på veg til sonen på Nørdre Hjelle saman med minstebarnet Sverre.