Thor Amund Ruste driv setra som har vore i slekta i fleire århundre. Før i tida var det heile fire setre i drift som omkransa området; Lannem, Ruste, Killi og Vorkinn, som den gong blei kalla for Gautåesætrin. I dag er det kun Ruste som gjenstår som einaste seter i drift over Dovrefjell, etter oppløysinga av dei fire setrene. Den ligg omtrent vegg i vegg med Hageseter, som i dag drives av foreldra til Thor Amund i form av turisthytter og campingplass.

Lang tradisjonSetra på Dovrejfell har gått i arv i fleire generasjonar sidan den blei grunnlagt ein gong på 1600-talet.

Den har blitt restaurert oppgjennom tidene, men mykje av det originale byggverket står enno igjen.

– Setra har gått i arv heile tida, med nokre kroker hit og dit, fortel forrige innehaver, Guri Ruste, som kan skrive under på at setra har vore i drift kvart år.

At Thor Amund skulle ta over setra har han visst sidan han var i 15-16-årsalderen, og viste tidleg interesse for gardsdrift. Det er også han som driv familien sin gard på Dovre, men mor Guri er enno grunneigar av sjølve garden.

Det er eigentleg systra Astrid som er fyst i arverekka, men sa frå seg ansvaret ganske tidleg.

– Eg veit ikkje om det var mangel på interesse, eller om mi interesse overskugga hennar, ler Thor Amund.

I dag er setra noko modernisert, med relativt nytt fjos sidan 2005. og ny mjølkemaskin fra i fjor.Guri tok over drifta tidleg på 90-talet, som sonen Thor Amund tok over i 2012. Ho har minner frå da fleire av setrene var i drift på fjellet, og har vore vitne til utviklinga og modernisering av seterdrifta.

– Før måtte vi reise til Hjerkinn for å låne telefonen dersom vi skulle ha tak i dyrlegen, fortel ho.

Guri driv i dag turisthytta på Hageseter, som ligg rett ved sida av Ruste. Den blei grunnlagt i 1936 av familien Hage, som såg behovet etter at jernbana over Dovrefjell medbrakte ei stor økning i reiselivet frå 1920-talet.

Å drive seter så tett inntil ein campingplass og turisthytter har ikkje vore noko utfordring, meiner Thor Amund.

– Dei besøkande er særs blide, trivelege, interesserte og imøtekommande, og kjem ofte for å sjå på dyra, fortel han, og seier det er fleire som maser kvar sommar om når dyra skal kome til setra.

– Eg er faktisk tettare på folk her enn eg er heime på garden, seier Thor Amund, som trives med det sosiale.

– Det hadde vore kjedelegare å drive langt ute i Gokk, legg han til.

DyremangfoldPå setra har Thor Amund fleire slag med dyr. Det er 20 mjølkekyr på setra, og 15 kalvar med fleire i vente.

I tillegg har dei to griser, Romeo og Kanutten, som er til eige bruk, men også ein attraksjon for turister.

Ikkje minst er hesten Villkar, som trasker rundt på sitt eige jorde, men har vanlegvis selskap av ei hoppe.

På garden heime har Thor Amund 5 andre kyr, som han også må passe på i tillegg til å drive setra. Der bur også fjoskatten Mons.

Dyra ser ut til å trives, og når kyrne går ut på fritt beite kjem dei alltid attende. Nokre av dei har teke turen heilt til Hjerkinn, kan Thor Amund fortelle.

Ei hjelpande handThor Amund har ofte fått hjølp på setra, men i år er fyste gong han har med seg budeie. Janne-Kristin Davik kom til setra forrige veke, og skal drive som avløysar medan Thor Amund blir burte. Ho har tidlegare drive eigen gard, og har erfaring som avløysar på fleire gardar og seter. Ho viste interesse i drifta på Dovrefjell allereie i fjor, og vart dermed handplukka av Thor Amund.

Å drive seter parallelt med gardsdrift har ikkje vore enkelt, da ein må ned frå fjellet nesten kvar dag for å vatne, sjekke at dyra har mat og drikke, særleg under den kritiske tørkesituasjonen jordbruket er utsatt for i år. Derfor er det godt å ha nokon som kan ta over på setra medan ein sjølv kan drive på garden, så Thor Amund er takksam for den hjelpa han får, og meiner det er ei flink budeie som han overlet setra til.

– Det er helt greit å reise frå når eg veit at ting er i orden, smiler han.

Janne-Kristin har fått tilvenning i seterdrifta på Dovrefjell, og er klar til å drive på eigen hand fra og med neste veke.

NødvendigSjølv om seterdrift er noko døande, er det fortsatt nokre som enno held fast i den gamle kunsten.

Thor Amund er ein av dei som gjer dette av nødvendige årsakar, da han ser behovet for at dyra treng meir beite.

– Om det var berre for moroskuld, ville eg nok ikkje gjort det, fortel han, som ser for seg å videreføre tradisjonen i nokre år til.

Heldigvis får dei som ønskjer å drive med seterdrift eit tilskudd frå staten på 34.000 kroner. Det er nok til å ikkje gå i minus, men ikkje noko å tjene på heller. Men no er beløpet i ferd med å auke, fortel Thor Amund, som meiner at det kanskje vil føre til at fleire vil drive med seter.

Det er nokre korte perioder der han angrer på at han tok byrja med seterdrift, med det går ofte over, og Thor Amund trives med det han gjær.

Hesten Villkar traver rundt på jordet. Han er særs sosial.
Grisene Kanutten og Romeo trives godt i skuggen.
Bygget er setras eldste, og er frå 1600-talet, med noko restaurering og skøyting av andre bygg frå setra.
Huset har flott innreiing, og brukes av og til til små festligheter.
Peisen er frå 1600-talet, og har blitt godt bevart.
Setra er ein av få som har ei såkalla "Friardør", ein slags hemmeleg inn- og utgang for friarar på setra.