Dei tre tolvåringane, Andre A. Almli, Anja S. J. Myre og Maria S. Tømmerhoel hadde slått seg ned på småbruket Tårudmoen på Dovre, kor dei hadde opna eigen loppemarknad førige torsdag.

Der selde dei alt frå fiskefluer til porselen, og saman med inntekter frå sal av kaffi, saft og biteti tente dei tre frivillige inn til saman 4270 kroner. Pengane har dei satt inn på konto til SOS-barnebyer, ein organisasjon som arbeider for at barn skal få ein trygg heim.

Ungane gjennomførte heile opplegget på eiget initiativ, og den datakyndige Andre ordna i stand plakatar som dei brukte til å marknadsføre seg sjølv med. Mykje av gjenstandane var henta frå det nedlagte småbruket, som far til eit av borna eier.

Det var varmt i låveveggen, og både smøret og rømmen til vaflane kokte, kan Sæther fortelje. Men ungane heldt det gåande i fleire timar, frå formiddagen og heilt fram til klokka seks på kvelden. Mange folk kom innom, og det blei hektisk. Dei besøkande meinte det var eit såpass godt formål, at dei betalte litt ekstra.

SOS-barnebyer er ein organisasjon med eit formål som ungane er særs opptekne av, nemleg at ungar som er mindre heldige enn dei sjølve skal kunne ha eit godt og trygt liv. Maria og Anja har hatt tidlegare innsamlingsaksjonar til organisasjonen, blant anna med danseshow.

Organisasjonen sette stor pris på støtta, og synes det var ekstra stas at det var ungar som hadde stått for alle inntektene, forteller Sæther.