Hjernen bak Pundarvangmartnan, Ola Jon Angard, kunne allereie melde i forkant av marknadsdagen at det var forventa mellom 30 og 40 deltakarar som stilte med eigne salsbodar eller framsyning av diverse, noko som var ny rekord for den årlege marknaden. Ikkje minst var mange besøkande til stade, og frå tidleg av var det eit yrande folkehav som opphaldt seg i vegkanten langs Grimsdalen, og trafikken fortstte jamnt utover dagen.

Noko for alleMarknadsdagen på Pundarvangen dreg alltid til seg mykje folk, både frå Folldalen og Dovre. Kremmarar frå begge kantar stilte opp, med sal av mat og drikke, husflidprodukt, kunst, og mykje meir. I år var det også eit nytt og spanande innslag, med ei ekte spåkone.

Det skulle også kome frisørdame frå Folldalen, og brannvesenet i Lesja og Dovre skulle være til stede for å syne fram demonstrasjonar, men kunne dessverre ikkje kome på grunn av kapasiteten, ifølge Angard.

Hest og kjerre køyrde også fram og attende langs vegen der folk parkerte. Dei som var låke til beins, eller berre ynskja å kome seg raskare frå bilen til marknadsplassen, fekk dermed skyss heile vegen. Ikkje minst spela spelemannslaga frå Dovre og Folldal opp til dans, og musikk frå Maja Svendsgard på tverrfløyte gjenspeila omgivnadane i fjellet.

Ordførar Bengt Fasteraune fekk også æra av å opne marknadsdagen med tale, og var deretter auksjonarius på scena når det skulle auksjonerast bort fine gjenstandar.

Spela for over 300På Tollevshaugen hadde Jonas Fjeld inntatt scenen kvelden før, og arrangør og primus motor bak konsertane i setergrenda, Kåre Moen, hadde høge forventningar til kvelden. Han såg for seg eit publikum på om lag 250 personar, men fekk litt over 300 betalande som kom for å høyre på den folkekjære artisten frå Drammen.

Musikken tok seg godt ut i omgivnadane, og Jonas Fjeld skapte god stemning med artige forteljingar innimellom. På bakarste rad var lyden kanskje ikkje fullt så god, men det hindra ikkje folk i å hygge seg, og folk satt spreidd over heile setertunet.

Etter konserten tok «Bære je Bænd» med Oddmund Jensen over scena, kor han spela musikk utover kvelden til festglade besøkande.