For mannen med metallsøkjaren og sterk interesse for det underjordiske, var dette ein skikkeleg godtepose, eller kanskje mest ei forundringspakke, der saum til hestesko og delar av ein kniv er blant Fjerdingby sine funn så langt. Ekstra artig sidan nettopp han fann buplassen nokre år etter at Tor Einbu oppdaga dei steinsette hòla i 1999. Noko som altså viste seg å stamme frå eit 2,4 km langt ruseforma fangstanlegg.

– Utruleg interessant, seier Fjerdingby om arbeidet som blir leia av professor i mellomalderarkeologi, Brit Solli ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Godt bevart

Forutan kollegaer frå hovudstaden får Solli også hjelp frå Universitetsmuseet i Bergen til å analysere skjelettmateriale frå dyr. Under den opne dagen som vart arrangert av Gudbrandsdalsmusea / Villreinløypa, synte zoo-arkeolog Liselotte Takken fram posar med fragment av bein frå både fisk, rype, gris, sau eller geit. Alt saman frå buplassen som så langt er registrert med sju hustufter om lag 100 meter nord for drapskvea. Forutan store mengder bein frå rein er det også funne mange delar av bryne. Noko dei trong for å kvesse reiskapen før slakting. I tufta som dei grev i, dukka det også opp trestokkar som kan daterast med den såkalla radiokarbon metoden (C-14).

Prøvene så langt tyder på at anlegget var i bruk på 1200-talet, men når det vart etablert eller kor lenge fangsten varte, er førebels uklart. Truleg er det eitt av dei best bevarte anlegga i verda, seier Solli som set stor pris på engasjementet rundt arbeidet.

Stor entusiasme

Sidan budsjettet er lågt, men entusiasmen stor, blir det ein god del dugnad, seier professoren som trekkjer fram ein lokal krumtapp.

– Utan lesjingen Rolf Sørumgård hadde ikkje dette vore mogleg. Difor var det ekstra

synd at nettopp han ikkje kunne delta på den opne dagen, seier Solli som forutan universiteta i Oslo og Bergen, takkar Lesja kommune, Oppland fylkeskommune, Gudbrandsdalsmusea / Villreinløypa, Nansenfondet, Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Lesja Fjellstyre og avtroppande generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, for god støtte.

Lokale fagfolk

Den av arkeologane som verkeleg grev på heimebane er Runar Hole frå Lesja. Saman med Tor Einbu og Brit Solli var han også guide under vandringa i anlegget sist søndag.

– Allereie som liten drøymde eg om å bli arkeolog, og etter at eg var med å registrere fangstanlegg saman med to andre lesjingar, Endre Hage og forskar Per Jordhøy ved NINA, vart interessa forsterka, fortel Hole som no er kollega med nettopp Brit Solli. Sistnemnde meiner dessutan at fangstkulturen knytt til villrein har fått altfor liten plass i våre historiebøker.

– Men det skal vi rette på. Mellom anna blir dette arbeidet publisert både på bokmål,

nynorsk og engelsk, fortel Solli.

Han som starta dette arkeologiske eventyret med si oppdaging i 1999, er sjølvsagt glad for at denne delen av vår kulturarv blir teken vare på.

– Dersom nokon ynskjer å lese om anlegget, viser eg til ein artikkel i Lesja Historielag sitt årsskrift frå 2005, seier lesjingen Tor Einbu som er busett på Otta.

godtepose: Posane til zoo-arkeolog Liselotte Takken med fragment av bein frå fisk, rype, gris, sau eller geit, vekte stor interesse.
guidar: Arkeolog Runar Hole t.v. og Tor Einbu, som oppdaga massefangstanlegget i 1999, var gode guidar undervegs.
furustokkar: I eine tufta på buplassen dukka det opp trestokkar som kan daterast med den såkalla radiokarbon metoden (C-14).
Engasjert: Roy Fjerdingby ved buplassen som han fann nokre år etter at Tor Einbu oppdaga dei steinsette hòla i 1999. – Dette er utruleg interessant, seier Fjerdingby som ei årrekkje har hatt ei sterk interesse for det underjordiske.
bein: Naturleg nok er store mengder bein frå rein ein del av funna.
Professor, Brit Solli, meiner at fangstkulturen knytt til villrein har fått altfor liten plass i våre historiebøker.
framfor buplass: Lokale eldsjeler og arkeologar som samarbeider under utgravingane ved Slådalsvegen. Fremst f.v.: Arnfinn Sønstebø og Roy Fjerdingby. Bak frå v. Tor Einbu, Runar Hole, Sigurd K. Bø, Brit Solli, Liselotte Takken, Julie Bjørnseth og Ellen Sørumgård Syse. Sistnemnde representerer Gudbrandsdals­musea / Villreinløypa.