Barnehagen hadde invitert alle dei unge som hadde gått i barnehagen i løpet av dei ti åra, samt lærarar ved skulen på Lesja­skog.

Stor fest:I barnehagen hadde dei pynta med ballongar, og på veggen var det hengt opp eit kunstverk laga av ungane sjølv.

Det er 10 år sidan barnehagen på Lesjaskog flytta inn i det nye bygget, og det måtte feirast. Store og små barn og unge hadde samla seg i lag med foreldre og lærarar i anledning markeringa, kor det var duka for grilling, leik og kos i finvêret.

Både store og små fekk glede av leik og moro, og det var ein nøgd styrar, Torunn Stenrud Nilsen, som tok i mot dei besøkande.

Saknar barndommenFleire av dei som tidlegare hadde gått i barnehagen sakna tida si der, noko som var tydeleg når ein såg kor morosamt dei hadde det på leikeplassen.

I ein buss utanfor inngangen hadde ein gjeng gutar frå ungdomsskule-trinnet pressa seg inn og satt og hygga seg.

– Eg skulle gjerne gått her, men vart sendt på skulen i staden, fortel ein av dei.

Dei er alle enige om at dei saknar tida i barnehagen, kor dei berre kunne leike utan å tenke på lekser.

– Ein blir aldri for gammal til å leike, fortel dei to jentene på 13 og 14, som trillar vidare i full hast med eit smil om munnnen.

BursdagssangAlle ungane som var til stades samla seg langs gjerdet, kor dei sang bursdagssang til den nye barnehagen.

På gjerdet sto namna deira, plassert etter det året dei gjekk ut av barnehagen. Det var dermed på sin plass at dei sto oppstilt ved namnet sitt.

Godt etablertOrdføraren i Lesja, Mariann Skotte, prega også arrangementet. Ho kom med ein blome­bukett, og heldt ei kort tale foran eit ungt publikum.

Ho ga stor skryt til personalet, og la vekt på tre ting som barnehagen gjer bra, nemleg at dei har stabile ansatte, høg kompetanse, og er flinke til å sjå kvar enkelt unge. Ho la også til at dei er flinke til å benytte vinteren, og lærar barna tidleg å gå på ski.

Til gjengjeld takka Torunn Stenrud Nilsen kommunen for det flotte bygget.

Live Torsplass (13) og Ingri Furuheim (14) meiner ein aldri blir for gamal til å ha det artig.
Fleire av ungdomsskuleelevane på Lesjaskog synes barnehagen er å foretrekke framfor skulebenken.
Mariann Skotte kom for å overrekke blomster og seie nokre velvalte ord.
Gjestene fekk nyte medbrakt grillmat i solsteiken.