Prosjektet som starta i byrja av mai står endeleg klart, og det er to fornøgde karer som står bak arbeidet, som dei har brukt omlag 400 arbeidstimar på.

Hyllest til filosofNjål Andreassen og David Hayden, saman med Karl Aksel Jermundstad, har utforma den store handa laga av tre. Det var på bestilling av kunstnartrioen Sebastian Makonnen Kjølaas, Marianne Bredesen og Siri Hjort, som valte handtverkerane på Hjerleid for å realisere prosjektet.

- Det var veldig gøy. Artig å gjere noko ein aldri har gjort før, fortel Andreassen og Hayden, som er særs nøgde med resultatet.

Monumentet er en hyllest til den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein, og skal stå på ein campingplass i Skjolden i Luster kommune, ved starten på ein tursti som førar opp til hytta til Wittgenstein.

Vanskeleg prosessÅ sjå for seg resultatet var ikkje lett for dei to handtverkerane i starten, som var innom fleire metodar for korleis dei skulle gripe tak i prosjektet. Planen var at handa skulle være større, omlag to meter lengre, men måtte nedkima på grunn av materialet. Det endelege resultatet er opp mot syv meter lang, tre meter brei, og like høg.

Hayden og Andreassen tok utgangspunkt i ein liten modell, og brukte 12 x 12 tommar tømmerstokkar som dei hogde ein for ein. Byggeplanane var teikna inn på ei datamaskin, kor dei kunne sjå korleis kvar tømmerstokk skulle sjå ut, før dei skrudde dei saman med gjengestag.

I enden av handa er det ein munn, kor planen er at det skal vere ein høgtaler i.

- Eg føler at heilskapsinntrykket er bra. Den ser konsis ut, seier Hayden, som beundrar byggverket.

Handa sto ferdig i går, og skal fraktast til Skjolden i morgon tidleg. Dei håpar at den får ei trygg reise nedover.