«Kom til oss» i ny drakt

Heimesidene til prosjektet «Kom til oss» er no ute i ny drakt. Håpet er at dette kan føre til fleire innbyggjarar i regionen vår.

Prosjektleiar Ida Amble Ruge har lagt ned mykje arbeid i den nye heimesida. No startar arbeidet med å ta kontakt med eigarar av potensielle salsobjekt.  

Nyheter

Det er mange som går rundt med ein draum om det gode livet på landet. Med ei nyoppussa heimeside på komtiloss.no er det håp om at fleire skal finne dette livet akkurat her.

Prosjektleiar Ida Amble Ruge har stor tru på at dette kan gjere at enda fleire får lyst til å flytte til Nord-Gudbrandsdalen. I forrige runde var det 60 eigendomar over heile regionen som fekk nye eigarar. Ruge har no saman med kommunane kartlagd hus og bruk som ikkje er i bruk. Eigarane av desse husa vil snart få ein telefon med informasjon om prosjektet som Ruge håpar kan vere første steget på vegen til eit eigedomsskifte.

– Eg håpar mange ser verdien av dette prosjektet, seier Ruge, som er spent på responsen frå ringerunda.

Ho har sjølv flytta attende til heimstaden Dombås med mann og barn, etter 15 år som storbybebuar. Det er Regionkontoret i Nord-Gudbrandsdal som står bak prosjektet «200 ledige hus» og heimesida komtiloss.no.

Alt av interesse

For det er populært å bu her. Det er ei liste på 130 namn som har interesse for å busette seg akkurat her. Det er småbruk og gardar som er mest interessant. For mange har det heller ikkje noko å seie om det omtrent er nedfalls.

– For mange er det sjølve plassen som er viktig, ikkje huset. Dei er innstilt på å måtte gjere ein innsats, seier Ruge.

På den nye sida er det samla informasjon om meir enn berre hus. Her vil det koma ledige stillingar og det er informasjon om kvardag og fritidsaktivitetar i regionen vår. Ruge har også intervjua menneske frå alle kommunar om kvifor dei bur akkurat her.

– Vi har av dei som alltid har budd her, tilflyttarar, akademikarar og bønder. Ein fellesnemnar er at dei er glade i å bu her, og er glade i naturen, seier ho, og håpar ho kan få på plass fleire ambassadørar etterkvart.

«Kom til oss» skal bli synleg på sosiale medier, under namnet Nord-Gudbrandsdal.

– Vi må gjere oss synlege og bygge ein profil, seier ho.