Den gryande songstjerna kjenner på sommarfuglane i magen fram mot lanseringa 21. september. Da vil songen vera å finne på alle strømmetenester, og ein musikkvideo vil vera ute. Vorkinn er spent på responsen.

Ho er verken uerfaren eller ukjend. For dei fleste i Lesja og Dovre har ved ei eller anna anledning hatt gleda av å høyre Synne synge. Det starta tidleg. Ho hugsar den første gongen ho song åleine på ei scene. Det var på Lesjaskog, på oppsetjinga Sirkus Leato med barneteateret på Lesjaskog. Synne hadde akkurat starta på barneskulen, og skulle syngje i rolla som løvetemmar. Det var skummelt i forkant, men ga meirsmak. Sidan vart det Lesja barnekor, og ho er glad for at dirigent Paul Gunnar Lien ha ho sjansa til å opptre på eigehand.

No har ho funne sin eigen stil, og sin eigen sound. Artistnamnet er enkelt og greitt «Synne». Og på blokka og i hovudet er det mange songar klare. «Lær meg å leve» seier ho sjølv er nynorsk elektropop.

­– Det er ei blanding av ekte instrument, og elektroniske instrument, sier ho.

Singelen har vore klar sidan i vår, men Synne seier dei ville vente til hausten fordi både musikk og bodskap passar betre til denne årstida.

Singelen kom til verda gjennom skuleåret på Trøndertun folkehøgskule. Her vart dei sett i kontakt med ein produsent, og han ville gjerne arbeide vidare med songen til Synne.

­For meg er det ikkje naturleg å syngje på engelsk, og det er trist at nesten alle brukar det. Eg ville synge på morsmålet mitt, det er på mange måter meir nakent, direkte og intimt, seier ho.

Til kvardags er det mykje listepop ho høyrer på.

– Det er dessverre det. Men eg ser opp til artistar som Daniel Kvammen og Sondre Justad. Dei klarar å få det klassisk og tradisjonelt, samtidig som det hipt og moderne, seier Synne.

Det er ikkje fritt for at ho kjenner på janteloven. Det er flaut å skulle promotere seg sjølv, men det er slik musikkbransja er. Det nyttar ikkje å gøyme seg.

– Eg prøver å ikkje ha for store forventningar. I dag kan kven som helst legge ut ein sang på Spotify. Eg er spent på om singelen blir lytta til berre i Lesja og Dovre, eller om eg klarar å nå ut, seier Synne

Det skortar ikkje på kreativitet, ho har mange eigne songar som berre ventar på verda. Songskriving er ein god måte å få utløp for kreativitet på.

– Eg er ein tenkande person. Og det er godt og artig å få tankar ut av hovudet og ned på papiret, seier ho.

No har Synne eit friår for å satse på musikken, og skaffe seg eit nettverk. Denne første singelen kom ut via folkehøgskulen, skal det bli meir musikk å høyre må ho ordne dette sjølv Ho ser ikkje for seg eit liv berre i rampeljoset, framtidsplanen er medisinstudiet.

– Eg er glad i begge deler. Eg ser for meg at musikken kan vere noko eg driv med ved sidan av studiane, og at det skal bli noko meir enn berre ein hobby. I år skal eg gjere det eg kan for å prøve, seier lorajenta.

– Eg må berre «gunne på» når eg først skal prøve, seier ho optimistisk