Ola - vognmann i 50 år

– Ja, du veit. Berre det dura, seier Ola og dreg på smilebandet. Motordur er på mange måtar livets musikk for mannen frå Lesjaskog.

På kontoret tl Aaheim maskiner og transport er det mykje anleggshistorie. Emil oppdaterer seg gjerne på bilhistoria bestefar Ola Aaheim har. På pulten den første mobiltelefonen som vart innkjøpt på 80-talet - til rundt 25 000 kroner. 

Nyheter

Ola-en som smilebandet hører til er Ola Aaheim (75) frå Lesjaskog. Du kan si at han er født med olje i årene, og motordur i øyra. I år er det 50 år sidan han starta opp det som i dag er Aaheim maskiner og transport AS. Interessa starta mykje tidlegare enn det. Heilt frå han var liten har han hatt interesse for det som dura og bevega seg. Så snart han fekk lov var han rundt om i gardane for å arbeide. Betalinga var det ikkje så nøye med, så lengje han fekk køyre traktor. Heime i Aaheim var det fortsatt berre hest. Derfor var det stor stas da han fekk vera med naboen Hans Thøring å dyrke. Hans var ein eldre kar, og Ola berre unggut. Saman fekk dei til eit godt jorde.

For folk både langs vegen og på Lesjaskog er Ola eit kjent fjes. Klare blå auge, ein noko minkande hårmanke og eit smil. Og ofte med ein rullings i munnviken og litt olje i ansiktet. No er det mindre av både røyken og oljeflekkane. Det er ikkje kvar dag han er å sjå i verkstaden meir, men han er stadig med. Både på kontoret, til å spørje til råds og ikkje minst til henting av både delar og ungar. Kona Kirsten (73) har heilt sidan oppstarten i 1968 teke hand om papirarbeidet, eit arbeid ho fortsatt gjer.