Ny bok frå Nord-Gudbrandsdalen:

Nissar seg mot jul

Inger Synnøve Killi frå Dombås fører penselen og Finn Sandum frå Skjåk fører pennen i boka «Mi barndoms jul».

Inger Synnøve Killi lagar illustrasjonane og Finn Sandum lagar tekstene i "Mi barndoms jul" 

Nyheter

Dikt og tekstar av Sandum får følgje av motiv laga av Killi. Ho har prøvd seg i en litt anna stil enn det mange er vand med. I den kommande boka er det akvarellmaleri, og på maleria finn ein motiv frå heile regionen. Både Horungen og Hardeggen er med, det same er heimgarden til Sandum og staden der han vaks opp på Lalm. Killi har vore ute for å fotografere motiva, og mala heime i atelieret sitt.

– Det er lengje sidan eg har arbeidd med akvarellar, så det det ei tid før eg vart vand med det, seier Killi.

Fint og sårt

Dette er første gongen dei to samarbeider om eit slikt prosjekt. Nissar er det mange av i boka. Ikkje slike amerikanske, men dei gode gamle norsk fjøsnissane. Killi er 52 år, men har ikkje problem med å seie at ho fortsatt trur på nissen. Dikta og akvarellane er ikkje berre om dei glade juleminna, men også om dei meir vemodige og tankevekkjande.

– Eg kjem med forteljingar jula i oppveksten; om førebuingar, slakting, frå juletreskogen og da eg reiste på butikken med 12 kroner for å handle seks julegåver, seier Sandum til avisa Fjuken.

– Det er både fint og sårt. Vi trur dette vert nostalgisk, seier Killi.

Med lydspor

Killi fortel at det vil vere ein CD som kjem saman med boka, spela inn hjå Mattis Sørum i Lydbildet studio.

– Dette er fordi det er berre dikta, ikkje forteljingane, som er med i boka, seier kunstnaren.

Det er ti dikt og fire forteljingar i boka. Dei har brukt fleire lokale krefter. Trollbinde har sett opp boka. Lanseringa skal skje på Brimibue i Lom den 23. november. Her skal Sol i skuggeskog, som har brukt Sandum sine tekster, ha konsert. Det skal samstundes vera lansering av den nye krimboka til forfattarduoen Kroken og Kolden. Killi seier at det nok også vil vere ei markering på denne sida av fjellet. Planane for vidare samarbeid er allereie klare.

Det neste prosjektet har arbeidstittelen «Våre fjell», og skal ha tekst og motiv henta frå fjell og natur i regionen.