Vigga er i vekst

Det er stadig fleire som er med som abonnentar på Vigga-laget.

Både mosuksen og redaktøren kan smile over gode opplagstal for Vigga.   Foto: Monica Hjelle

Nyheter

– Det er vi svært godt nøgde med, seier Astrid Kvam Helset, redaktør og dagleg leiar i Vigga.

Vigga har eit opplag på 2109 abonnentar, det er 2,43 prosent fleire enn i fjor.

Opplagstala vart presentert av MBL og LLA tysdag,  og gjeld for fyrste halvår 2018. Det er nytt frå i år at opplagstala skal bli kunngjort to gonger i året.

– Dette er tal vi gler oss over. Det syner at det er viktig og riktig at det er ei eiga lokalavis for Lesja og Dovre, seier Helset, som har vore redaktør sidan juni i fjor.

Ho er glad for at mange har teke steget over til å også bli digitale abonnentar, og håpar enda fleire tek steget ut i den digitale verda.

– Da vil også papirabonnentane få full nytte av abonnementet sitt. Dersom de opplev problem med å få tilgang må de berre ta kontakt, seier ho.

Redaktøren seier Vigga skal vere til stades der det skjer.

– Vi må kunne sette søkeljoset på det det som ikkje fungerer som det skal, samtidig som vi skal syne fram det som er bra. Vi skal komme tett på folk, og lage saker som er godt lesestoff, seier Helset.  

Ho takkar trufaste lesarar og annonsørar, og håpar enda fleire vil vere med framover.

– Vi blir bedre avis når vi har gode lesarar, seier ho.

Vigga er no inne i sin 32. årgang.

Lokalavisene Vigga, Fjuken og Dølen aukar alle, men det er med den nye digitale alderen nye modellar for teljing av abonnement, slik at tala ikkje heilt vil kunne jamførast med tidlegare år. 

Til saman har desse tre avisene, som alle tilhøyrer Polaris Media, 9486 abonnentar.

Lokalavisene står også sterkt over heile landet, og folk les det journalistiske innhaldet både på papir og nett. Landslaget for lokalaviser (LLA) er organisasjonen for over 100 av lokalavisene i Norge. Desse fådagarsavisene har nå eit netto opplag på nesten 331.000 eksemplar.

 Over tre fjerdedelar av opplaget er digital-abonnement, der lesarane får tilgang til alt innhaldet både på nett og papir.

Samstundes som også LLAs aviser blir lese stadig meir på digitale plattformer, står papirutgåvene seg framleis godt. Lesarane og annonsørane ønskjer å få lokalt innhald både på nett og papir.


I følgje tal som Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda nyleg la fram, er det 40 fleire fådagarsaviser på papir i dag enn for 30 år sidan.


– Det viktigaste for lokalavisene er å tilby relevant og truverdig innhald i lokalsamfunnet, uavhengig av plattform. Godt journalistisk innhald og produktutvikling gjer lokalavisene til attraktive mediekanalar både for lesarane og annonsørane, seier LLAs styreleiar Tomas Bruvik i ei pressemelding i samband med opplagstala.