Dyrepark i kjellarstova

Wenche Holløkken og Geir Kornkveen har ei kjellarstove som skiller seg frå dei fleste.
Nyheter

Sit dei ein kveld der er dei langt i frå åleine. Dei har over 30 dyr som held dei med selskap. Utstoppa, riktignok. Geir har vore jaktglad frå tidenes morgen. Det vart etterkvart ein del dyr i samlinga, og da dei skulle bygge kjellarstove kom dei på ideen om å samle dei. Lite solljos gjer at dei held seg betre, og daglegstova slepp å vere overfull av dyr. Geirs søster, Ingrid Granlien, har laga ein flott bakgrunn til dyreutstillinga.