Er dette Dovres sprekaste pensjonist?

Reidar Berg (86) har hatt glede av ski heilt sidan han var 13 år. For han er det vanskeleg å sjå for seg ein kvardag utan aktivitet.

I toppform: Reidar Berg (86) er enno i god form, takka vere det aktive livet han lev. 

Det har mykje å si at man har noko kroppsleg aktivitet

- Reidar Berg
Nyheter

På Dovre er han kanskje eit kjend syn for mange. 86-åringen er som regel å finne langs E6, der han stavar seg fram og attende på ski, både på sommar- og vinterstid.

Født med ski på beina

Reidar er født og oppvakse på Skrøyen gard, eit lite småbruk på Lora, ein knapp kilometer frå fjellet opp mot Dalsida i Lesja. Han er nummer åtte i ein søskenflokk på 12, beståande av 9 brør og 3 systre. Blant brørne var åtte av dei særs opptekne av å gå på ski, og Reidar var ein av dei.