Lokalt skuleprosjekt på Lesjaskog:

Skuledag med fulltreffar

Marius Bjorli Bjølverud og Emil Aaheim trefte godt med dagen dei var med på jakt.
Nyheter

Dei er elevar på mellomtrinnet på Lesjaskog skule. Dei har i haust jakt og jakttradisjonar i Lesja som tverrfagleg tema.

Veka før haustferien har dei som vil, fått lov å vera med eit av dei lokale jaktlaga på jakt. Dei får fri frå skulen mot at dei skriv ein rapport frå det dei opplev.

Marius og Emil var med Håvard Bjølverud sitt jaktlag. Dei rakk berre å køyre nokre minutt før dei fekk beskjed om at det gjekk ein hjort på eit jorde, som dei kunne skyte. Aasmund Bøe skaut, gutane rakk å komme fram i tide slik at dei fekk sett. Lærarar og elevar som var på skulen kasta seg rundt og reiste til Jonsgard og for å få med seg slaktinga. Dei har vore på besøk på Lesja bygdemuseum og hatt omvisning i villreinutstillinga.

–Vi fekk lage smykke av skinn og bein og prøve pil og boge, både gamaldags og nymotens. Det var artig å lære om korleis dei jakta og kor godt dei utnytta heile dyret i gamledagar. Vi har laga elggryte i mat og helse, som vi åt ute i skogen. Det har vore velvilje frå jaktlaga, fortel lærar Guro Brøste Rundtom.