Barneskuleelever fann skada ugle:

Ingen uhu-hyggeleg slutt

For knappe to veker sidan vart ei skada ugle funne på Dovre skule. På onsdag morgon vart ho sluppe ut i det fri att.

Slapp fri ugla: Lars-Petter Brennhaugen i PPT tok med ugla til skuleelevane, som fekk vere med å sjå på at den vart sluppe fri. 

Nyheter

Fredag 14. september hadde fire elevar ved barneskulen på Dovre kome over ei forkommen perleugle i skulegarden. Ugla var ikkje i stand til å fly, og hoppa rundt på skulegarden. Ungane tok raskt ansvar, og varsla ein lærar som til slutt fekk fanga ugla.

Sendt til behandling

Det var Berit Hoelsbrekken som fekk tak i ugla, som ho hadde tenkt å sleppe ut i det fri, og la ho lege seg på eigenhand.