Raus gåve ga Lesjatun eit ansiktsløft

Eldreboligane på Lesjatun har fått seg eit nødvendig målingsstrøk. Og det takka vere ei raus gåve frå Ingrid Jøndal.

Alle hus på Lesjatun har fått seg eit ansiktsløft.  Foto: privat

Nyheter

Ho har kosta på beis til alle leiligheiter og felleshus på Lesjatun. «Kvithuset» var måla i 2017, resten fekk ei oppfrisking i sommar. Dette har kosta rundt 400 000 kroner.

– Ingrid og Magnus Jøndal flytta til Lesjatun i 2016. Dei såg behovet for utvendig maling, og beis her, og var enige om at dei ville gjeva støtte til dette. Dei har tidlegare gjeve penger til mange gode formål i bygda, fortel Lisbeth Svanborg og Ann Karin Thøring.

De er tilsette på arbeidsstova og ved heimebasert omsorg.

Ingrid Jøndal fekk blomster som takk for den store gåva. alle foto: privat 

 

Kake og feiring

Den rause gåva vart feira blant bebuarane med kaffe, blautkake og blomster.

– Vi takkar Ingrid for den rause gåva ho har gjeve. Det vart eit ansiktsløft som skaper trivsel for alle, seier dei to.

Det er 19 leiligheiter på Lesjatun, i tillegg til eit felleshus med arbeidsstove.