Ordføraren opna hallen med avspark

I helga vart den nye fotballhallen på Myra stadion offisielt opna. Ordførar i Dovre, Oddny Garmo, opna hallen med eit avspark.

Ordførar i Dovre, Oddny Garmo, erklærte med dette avsparket hallen for opna.  

Nyheter

Om lag 200 folk hadde samla seg i hallen for å vere vitne til den store hendinga. Det var ein stor dag for Dombås IL, og særleg fotballgruppa, som no har sin eigen hall dei kan ta i bruk året rundt.