Mange kokkar utan søl

Mange middagsbord i Lesja vil kanskje få ein ny piff framover etter sausinspirasjon på Lesjaskog.

Mange armar og vispar måtte i sving for å få til gode sausar. 

Nyheter

Det vert ofte den vanlege brune eller kvite sausen. Ikkje så reint sjeldan er det posesaus heller, kanskje? Det smakar godt, men det kan vere artig med noko nytt og noko ekstra.

Det tenkte 18 damer og ein mann som måndag var på sauskurs med Melissa Skeie Brøste på Lesjaskog samfunnshus. Bak arrangementet sto bygdekvinnelaga på Lesja og Lesjaskog. Laila Brøste frå det nørste laget og Marit Tordhol frå den synste laget var heilt overvelda over oppslutninga. Dei synes dessutan at det var triveleg at dei to nabolaga kunne gjere noko saman.