Taco for TV-aksjonen

Torsdag fekk alle på Lesja skule kvar sin tacotallerken på pulten - med sjanse til å gje ein skjerv til tv-aksjonen.

2.klasse på Lesja skule laga seg langbord for å kose seg med maten saman.  

- Vær så god, sa Adam Kristoffer Kikut til Glenn-Ronny Brekken.  

Oliver Eithun skjer ost, Jon Ulvar Berget overvåkar situasjonen.  

Nyheter

Elevane i arbeidslivsfag i 10. klasse har ei eiga bedrift kalla "Lesja baguetteservice". Kvar veke sel dei baguettar som eit kantinetilbod til elevane på skulen. Til årets tv-aksjon ville dei gjere noko ekstra. Og i samarbeid med lærar Linda Kalhovd Flittie fann dei ut at taco til alle kunne vere ein lur ting. Alle fekk, og dei som ville kunne betale inn ein liten sum til inntekt for Kirkens bymisjon og årets tv-aksjon.

Det skal til både mykje mat og mange hender for å få i havn mat til så mange. 8.klasse deltok også, og elevane i 10.klasse som har tysk. 8.klassingane sto over KRLE denne dagen, for å lage mat for aksjonen.

– Det går heilt fint, seier Thea Grothe.

– Vi gjer det for å støtte tv-aksjonen, seier Mina Aaheim.

David Berger, Hans Groven, Glenn-Ronny Brekken og Sigurd Kolstad serverte mat til elevane på småskulen på Blåsenborg. Elevane i 1.klasse hadde prata om dette i mange dagar, og det var tacosvoltne blikk som lyste i mot kokkane som kom inn i klasserommet.

– Desse har eg hatt i lomma i heile da, stråla Adam Kristoffer Kikut ivrig.

Han var snar med å gå bort til 10.klassingane som kom med maten for å gje si støtte til årets aksjon.

Også fredag skal det være aktivitet på Lesja skule til inntekt for det gode formålet i årets tv-aksjon. Elevar frå valgfaget "Innsats for andre" har baka muffins og kanelsurrar som dei skal selge på kommunehuset og rundt om i sentrum på Lesja. Nokre elevar har teke opp bestilling på muffins som skal selgast til eleva på skulen, det er totalt bestilt 74 stykk.

– Alle inntekter går direkte til tv-aksjonen, seier lærar May Holsethstuen.