Vellykka pengeinnsamling på Lesjaskog

Det var ein fullsett gymsal på Lesjaskog Skule då elevane ved 1. til 7. trinnet arrangerte kafé til inntekt for årets TV-aksjon.
Nyheter

Elevane sto for sal av kaffi og kaker, og lopper som dei hadde samla inn i forbindelse med aksjonen. Det var fleire salsbodar med leiker, spel, bøker og liknande. Dei hadde også laga lykkehjul som ein kunne vinne fine premier på, og for dei som følte seg gode til å gjette kunne ein gjette kor mange non-stop som var i eit glas.