Grunnmur er grunnen til stenging

"Viktig melding: Avdemsbue held stengt inntil grunnmuren er sikra." var meldinga som gjekk ut frå Avdemsbue onsdag.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at grunnmuren på Avdemsbue treng støtte og omsorg.   Foto: Avdemsbue

Nyheter

Byggeprosessen rundt nybygget og "nyosten" er godt i gang. I samband med dette må det gravast inntil grunnmuren på bue, og denne er ikkje heilt som andre grunnmurar.

– Den var nok verre enn det vi hadde sett for oss, men vi satsar på at dette går bra, seier busjef Anna Haugstad Avdem til Vigga.

Det er sett opp støttestag inne i kjellaren for å halde huset stabilt under byggeprosessen. Dersom det først bikkar seg avgarde, vil det vere vanskeleg å stoppe.

– Vi vil ikkje ta sjansen på at det er folk i huset medan gravinga pågår, seier Avdem.

Støyping av mur til den nye bygget skal ta til ein av dei næraste dagane, og Avdem håpar at Avdemsbue skal vere i vanleg drift frå neste veke. Den nye muren vil bli sett inn til den gamle, og såleis fungere som ei støtte.

Ho seier dei har godt samarbeid med entreprenørane Lesja byggservice, Lesja bulldozerlag og Pål Vadet i Karl Knudsen AS, også etter kvart som det dukkar opp utfordringar som krumme grunnmurar.

Avdemsbue er bygd i 1938, og står på leirjord. Trykket frå trafikken rett ved har gjort sitt til å presse både hus og grunnmur vekk frå vegen.