Startar felekurs for vaksne

Dovre Spelemannslag skal starte opp felekurs for vaksne på nyåret.

Dovre Spelemannslag sett i gang felekurs, med Berit Fiksdahl (ytterst til høgre) i spissen.  Foto: Arkiv

Nyheter

Berit Fiksdahl i spelemannslaget skal vere instruktør, og kan meddele at dei allereie 1. november skal ha eit informasjonsmøte på Toftemo for potensielt interesserte.

Felekurset er egna for vaksne og eventuelt eldre ungdom. Ein kan både vere nybyrjarar, eller ha tidlegare erfaring, men eit ønskje om å finpusse på dei gamle eigenskapane.

Det skal i teorien vere ei samla gruppe, men det er moglegheit for å dele inn i to gruppar og skilje mellom dei heilt ferske og dei med litt erfaring.

Kursa skal byrje i midten av januar, og det skal vere 10 kurskveldar utover vinteren og våren.