Halloween:

Gjer barna synlege

Sjølv små spøkelser har behov for refleks. I morgon er det Halloween, og nokon har kanskje tenkt seg ut og samle godteri.

Lys opp kostymene til barna på Halloween.  Foto: Colourbox/Tryg Forsikring

Nyheter

Fleire håpefulle utkledde barn kan vere å finne langs vegen, men med dei mørke kostymane kan dei vere vanskele å legge merke til.

- I mørke kostymer og utan refleks er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på barna. Sjølv med gatebelysning, seier Pål Rune Eklo, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Han oppfordrer bilistar til å vere ekstra observante denne onsdagskvelden.

Ikkje lett å bli sett
Dei siste fem åra er det meldt om rundt 100 personskadar som følgje av påkøyrsler av fotgjengere og syklister i Oppland. Berre om lag fem prosent av dei som blir skada bruker refleks. Risikoen for å bli påkøyrd i mørket reduseres med hele 85 prosent ved bruk av refleks, i følge tal frå Trygg Trafikk

Selv om barnet ser bilen, ser ikke alltid bilisten barnet.

- Ta på barna refleks, eller gjer refleks til ein del av kostymet ved for eksempel å bruke refleksspray eller refleksgarn. Man kan gjere mykje kult med refleksspray direkte på kostymet, men det viktigaste er at barna blir sett i mørket. Vil du vere heilt sikker bør dei ha nyare og godkjende reflekser eller refleksvester på i tillegg, oppfordrar Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.

Sjekk datoen
Eit anna godt råd å ta med seg inn i haustmørket, er å sjekke refleksene og tenke over om det er på tide å byte dei ut.

– Reflekser har faktisk ein «best før» dato, og bør skiftes ut hvert tredje år. Den reflekterande overflata blir rett og slett slitt, det gjelder refleksvester også. Så sjølv om kostymet er det same som i fjor, er det ein grei tradisjon å byte ut refleksene, seier Brandeggen.

Billig forsikring
Halloween er ingen utpreget ulykkesdag i Norge. Statistikken seier at det ikkje er noko markant auking i antal trafikkulykker 31. oktober til tross for at tusenvis av barn trekker ut i gatene i kveldsmørket. Likevel bør ein ta sine forholdsregler, og refleks er ein billig forsikring.

– Utan noko reflekterende i mørket er du først synleg for bilisten på 25 - 30 meters avstand. Med refleks vil du bli sett på 140 meters avstand. Ein bilist i 50 km/t har dermed ti sekunder i staden for to sekunder til å reagere på. Det kan vere forskjellen på liv og død, seier Brandeggen.