Bygdeungdom for skogindustri

I løpet av natta har ungdom i Lesja/Dovre Bygdeungdomslag vore del av ein aksjon for å sette fokus på skogen som ein klimavenleg arbeidsplass med store verdiar.

Plakater har blitt sett ut fleire stader i Lesja og Dovre. 

Nyheter

Plakatar og bannere har dukka opp fleire stader i dei to kommunene, som er sett ut av bygdeungdomslaget. "Hogg for framtida" er ein større landsomfattande aksjon, i regi av Norges Bygdeungdomslag, som har som mål å jobbe for ei meir aktiv skogforvaltning i landet.

Skogen er meir enn berre tre!
Aksjonen ønskjer å legge fokus på og opplyse om skogindustriens moglegheitar og potensial i Noreg, for at fleire vil kunne ta i bruk skogen som arbeidsplass.

Dei ønskjer å vektlegge at skogen er ein klimavenleg ressurs, som dekker 37 prosent av heile Noregs landareal. Dei påpeiker at alt som kan lagast av olje kan lagast av tre, og meiner eit aktivt skogbruk er ei mogleg erstatning for ikkje-fornybare råstoff i blant anna bygg, industri og embalasje.

- Norges Bygdeungdomslag håpar at politikarane handlar ut ifrå bodskapet og set aktiv og bærekraftig skogforvalting på den politiske dagsorden i større grad, seier bygdeungdomslaget i ei pressemelding.

Skogen som leverandør av arbeidsplassar
Sysselsetjinga blant unge har gått merkbart ned dei siste åra. Blant menn i alderen 25 til 29 har andelen som er i arbeid minka med ti prosent dei siste ti åra.

–  Vi vil jobbe vidare med tematikken framover og håpar at mange nye og erfarne skogbrukarar blir med på det, samt politikarar og andre nysgjerrige, seier Lars Hole, leiar i Lesja/Dovre Bygdeungdomslag.

Lesja og Dovre Bygdeungdomslag arrangerer også aktivtetsdag i Lesja sentrum førstkommande laurdag som vil vere ein del av denne aksjonen. Aktivitetsdagen vil difor ha eit skogtema, med tevlingar og aktiviteter som står i stil med dette.