Skal drive haldningsarbeid blant ungdommen

Resultatet frå UngData undersøkninga i Lesja er no klart. Det har gjeve Lesja kommune fleire punkt dei vil arbeide vidare med.

UngData undersøkinga har gjeve kommunen fleire punkt dei vil fokusere arbeidet på.   Foto: Illustrasjonsfoto: colourbox

Nyheter

Det er andre gongen kommunen gjennomfører ei slik undersøking blant elevane på ungdomstrinnet. Den første gongen var i 2015, undersøkinga rapporten baserer seg på vart gjort i forrige skuleår. Når det er gjort samanfallande undersøkingar vil det kunne gje sjanse for å samanlikne resultata. 89 prosent av elevane svara på undersøkinga.