Veit du om ei "hemmeleg" hytte?

– Er det nokon i Lesja og Dovre som sit på historier og kunnskap om hemmelege hytter? spør forfattar Marius Nergård Pettersen.

Forfattar Marius Nergård Pettersen fann «hemmelege hytter» på fjellet i arbeidet med boka. Nå ynskjer han tips om fleire slike hytter og buer i skogen eller fjellet.  Foto: MARIUS NERGÅRD PETTERSEN

Marius Nergård Pettersen vart inspirert til å byggje seg ei «hemmeleg hytte» i samband med arbeidet med boka  Foto: MARIUS NERGÅRD PETTERSEN

Nyheter

Marius Nergård Pettersen har dei siste åra har vore på leiting Norge rundt etter såkalla «hemmelege hytter», for å dokumentere at slike eksisterer og at dei er ein del av vår kultur.

Dette har resultert i boka «Hemmelege hytter» som kom ut i august. I boka presenterer han buer, koier og gammar som folk har bygd og med som vilje har halde desse hemmeleg.

– Nå arbeider eg med neste og siste bok om emnet. Eg leitar etter fleire historier om slike hemmelege hytter, skriv forfattaren i ein epost til Vigga.

Han trur det finst minst tusen slike hytter i Norge, men skriv at både hyttene og menneska bak er vanskelege å finne.

– Er det nokon av Vigga sine lesarar som sit på historier og kunnskap om slike hemmelege hytter? spør Marius Nergård Pettersen.

Forfattaren skriv at han ikkje har avslørt kvar hyttene ligg, men har dokumentert at slike stader eksisterer og er eit fenomen som ein finn over heile landet.

– Undervegs har eg vorte fortalt historier til jegerar, fiskarar, uteliggjarar, motstandsfolk frå krigen og andre som av ulike grunnar har hatt behov for skjult husly i skogen, på fjellet eller langs kysten, skriv Marius Nergård Pettersen.