Vellukka oste-VM

Fem ostar som er produsert i Lesja eller Dovre oppnådde premiering under årets oste-VM i Bergen.

Anna Haugstad Avdem (midt i biletet) serverer smaksprøver til gjestar under Oste-VM i Bergen i helga. Både familien Avdem frå Avdem gardsysteri og Sigrid Svanborg (t.v.) frå Tine Meieriet kunne ta med seg premiar for ostane sine, heim til Lesja og Dovre.  Foto: Privat

Nyheter

I år var det heile 3472 ostar som kjempa om heider og ære, i Grieghallen i Bergen. 175 av desse ostane var norske, ein markant framgang sidan 2011, da ein einsleg ost representerte norsk osteproduksjon i konkurransen.

- På rett veg

Under årets konkurranse fekk Fryd Brie Pepper, som produseras av Tine Meieriet på Dovre, sølv. Avdem gardsysteri oppnådde premiering på heile fire av sine ostar. Fjelldronning og Huldreost fekk bronse, og Bufast og Vellagra Fjelldronning fekk sølv. Familien Avdem er storfornøgde med resultatet.

- Det tyder jo på at det vi gjer er bra og at vi er på rett veg, men vi jobbar heile tida for å utvikle produkta og bli litt betre, seier Anna Haugstad Avdem.

Norsk ost til topps

Under verdsmeisterskapet for ostar jobbar ei gruppe dommarar samen om å finne ut om dei enkelte ostane er verd ei gull-, sølv- eller bronse-premiering. Såleis er det mange ostar som kan få same premiering, men det er likevel eit trongt nålauge dei skal gjennom.

Kvar av dommargruppene nominerer til slutt den osten dei meiner er aller best, til ei Super-finale. I år var det ein norsk ost som gjekk heilt til topps i denne finala, Fanaost frå Ostegården i Bergen.