17 foredragshaldarar på to dagar

No er det ei knapp veke til det brakar laus i Lom – tre fagfelt samlast under Kokken, bonden og reiselivet.

Kokken: Arne Brimi er ein av 17 foredragshaldarar under konferansen «Kokken, Bonden og Reiselivet». Foto: Arve danielsen/Fjuken 

Nyheter

– Så bra at vi får til ei slik konferanse her i Lom. Gastronomisk så er vi interessante i innlandet, denne vesle, vesle, gryta her, seier Arne Brimi i forkant av konferansen.

Han er ein av dei 17 foredragshaldarane på konferansen Kokken, bonden og reiselivet – som samlar ein trio som er avhengig av kvarandre for å lykkast.

Konferansen Kokken, Bonden og Reiselivet har som mål å engasjere, motivere og skape stoltheit på tvers av fagfelt og bransjar.

Det er både lokale og internasjonale namn på plakaten i år. Frå lokale gardbrukarar og matgründarar i regionen som Kristian Olav Garmo, Cecilie Asp og Anna Haugstad Avdem, til den verdskjende kokken Claus Meyer frå Danmark. Representantar frå Norges Bondelag, NHO Reiseliv og fleire skal halde foredrag, og Aaseng Vole lovar at det blir mangfoldig, garantert inspirerande, tankevekkjande. Konferansen inviterer til matnyttige dager i Lom den 13.-14. november.