Nytt tilbod i kulturskulen:

Torader og trekkspel

Mads Erik Odde (27) ser fram til å ta fatt som lærar i eit nytt tilbod i Lesja og Dovre kulturskule.

Mads Erik Odde ser fram til å ta fatt som lærar i torader og trekkspel ved Lesja og Dovre kulturskule. Sjølv slår han eit slag for trekkspelet.  Foto: Lars Evensen

Nyheter

Odde skal undervise i trekkspel og torader i Lesja og Dovre kulturskole frå nyåret. Musikken har følgd Garmo-karen gjennom livet. Han kjem frå ein folkemusikkfamilie, og starta å spele trekkspel da han var 9 år. Han er utdanna frå Folkemusikklinja på Vinstra og har ein Master i utøvande folkemusikk frå Norges musikkhøgskole. I tillegg har han ein praktisk pedagogisk utdanning.

Stort og artig miljø

Odde jobbar som frilansmusikar og spelar i to band, samt driv med ein rekke andre prosjekt. I tillegg er han lærar ved Lom musikk- og kulturskule. Nå ser han fram til å ta fatt som lærer også i Lesja og Dovre kulturskule.

– Det er støtt artig å undervise ungar, seier han.

Tilbodet i kulturskulen er for elevar frå fjerde trinn, og Odde oppmodar ungane til å melde seg på.

– Det er eit stort toradermiljø i Nord-Gudbrandsdalen, særleg mange i Lom. Eit stort og artig miljø, som dei blir ein del av, fortel han.

Trekkspel favoritten

Det er tidlegare påpeika at Lesja og Dovre treng ein oppsving rundt tradisjonsmusikken.

– Uansett er det alltid viktig å drive rekruttering, seier Odde.

I utlysingsteksten står det både torader og trekkspel, men læraren vil gjerne slå eit slag for trekkspelet.

– Eg vonar mange vel å spele trekkspel, for det er mangel på trekkspelarar. Og så er det fleire mogelegheiter med eit trekkspel enn med ein torader, forklarar han.

Det er plass til seks elevar i gruppa, og Odde vonar ein vil fylle dette.

– Og eg reknar med at tilbodet vil fortsetje framover, når det nå først kjem i gang, seier han.

Ulike instrument

Toradertradisjonen her i landet har røter tilbake til midten av 1800-tallet. Trekkspelet ble utvikla frå toraderen, og det første trekkspelet så dagens ljos i 1910. Mens ein på trekkspel kan velgje tonearter, er ein bunde til den tonearten toraderen er stemt i. Ein torader er og vekseltonig, noko som tyder at ein får to tonar på same knapp, avhengig av om ein dreg belgen ut eller pressar han saman.