Den viktige pensjonisten

Mjølkerampene. Fortidas samlingsstad.

prakteksemplar: Det er ikkje sikkert du har lagt merke til det, men det er ikkje mange ramper att gjennom Lesja no. Dette prakteksemplaret står ved Sør-Skotte på Lesjaskog. 

Nyheter

Det er ikkje mange att av dei no. Før sto det ei mjølkerampe ved kvar gardsveg gjennom heile bygda. Det er ikkje så rart, det er lengje sidan dei vart pensjonerte. Nokre må gje etter for tidens tann. Andre har måtte vike plass for utbetringar av vegen. Det er rett og slett ikkje bruk for dei meir.