To utøvarar frå Dombås i Stubai

Noregs Skiforbund Freeski har teke ut åtte utøvarar til fredagens verdscuprenn i slopestyle.

Frå NM i Freeski på Dombås tidlegare i år.   Foto: Arkiv/Simen Rudiløkken

Nyheter

Sesongens fyste slopestyle-konkurranse i verdscupen går av stabelen i austerrikske Stubai denne veka. I dag er det kvalifisering, og finala vil foregå i morgon, på fredag 23. november.

Blant dei åtte deltakarane er to av dei lokale. Utøvarane er:

  • Birk Ruud, Bærums Skiklub
  • Sebastian Schjerve, Namsos IL
  • Ulrik Samnøy, Bærums Skiklub
  • Ferdinand Dahl, Ingierkollen Rustad Slalåmklubb
  • Christian Nummedal, Hakadal IL
  • Mikkel Brusletto Kaupang, Geilo IL
  • Petter Ulsletten, Dombås IL
  • Johanne Killi, Dombås IL

Johanne Killi er klar til å kjempe om nye topplasseringer, ifølge Skiforbundet.

- Det er gøy å vere attende i konkurransesesong. Og denne gongen i slopestyle, grenen eg liker mest. Kroppen fungerer bra, og eg er klar for å gje gass, seier ho til forbundet.