Stort engasjement for berekraft

Klimalaben og den videregåande skulen i Nord-Gudbrandsdalen arrangerte i går eit miniseminar med tema reiseliv og berekraft.

Lærar Lene Sørbråten, Erlend Kirkebøen Husom frå Nasjonalparkriket Reiseliv, og Dag Inge Bakke frå Klimapark 2469.  Foto: Marit Sletten

Nyheter

Mange aktørar møtte opp for å diskutere problemstillingar saman med elevane og lærarar, frå både avdeling Dombås og Otta, fortel Marti Sletten ved klimalaben.

Skulen som aktør i regionen
Målet med møtet var å finne samarbeidsområde mellom reiselivsfaget ved skulen og destinasjonsselskap, bedrifter og regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen, og på førehand vart det annonsert at aktulle områder for samarbeid kunne vere mellom anna reiseliv, turisme, hyttemarknad, tilreisande og tilflytting.

- Elevane og skulen ynskjer å jobbe med reelle problemstillingar knytt til berekraft og vi stiller oss spørsmålet om korleis dette kan vere til hjelp for reiseliv og næringsliv i regionen, innleia Klimalab-leiar Marit Sletten.

Både Nasjonalparkriket Reiseliv AS, Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal, Smuksjøseter Fjellstue, Klimapark 2469, NAV Sel og Lærlingkontoret Gudbrandsdalen var til stades under seminaret.

Tilkomst med klimaavtrykk
Det var stor einigheit om at miljøvenleg tilkomst til Nord-Gudbrandalen er vanskeleg. Både tiltak innan bestillingstransport og utbygging av jernbane og flyplass vart diskutert, og Sletten dreg fram jernbane som særs viktig for mange av dei frammøtte.

- Det finst fleire døme på pakketurar, eller charterturar, som er lagt opp med tog og offentlig transport. Dette er noko folk vil ha og er villige til å betale for. Om vi kan samarbeide i regionen for å lage pakker så vil dette vere mogleg her også, sa Ida Amble Ruge, prosjektleiar på regionkontoret.

Opphaldet i regionen
Klimalaben meiner at både tilkomsten til området må vere så miljøvenleg som mogleg, men at også opphaldet må ha eit så lite avtrykk som mogleg:

- Og når vi har fått folk til å koma hit så dei bli lenger, slik kan ein betre forsvare utsleppa som reisa fører med seg, meinte Erland Kirkebøen Husom frå Nasjonalparkriket Reiseliv. – Slik sett er det å lage pakker eller pakketurar veldig lurt, la han til.

Fleire meinte at regionen har ein veg å gå med når det kjem til kjeldesortering, og at dette er noko som tilreisande tenkjer over. Dei diskuterte også effektane av å bruke kortreiste varer og redusere mengda plast og avfall.

Vidare arbeid
Traneeordning, lærlingplassar, vertskapsrolla, felles møteplassar for turistar og lokalbefolkning, antal destinasjonsselskap og netthandel er nokre av tema som elles var diskutert.

- Det har kome fram veldig mykje interessant her og vi vil gjerne jobbe vidare med desse problemstillingane. Har de fleire innspel så kom med dei seinare. Vi har ein god gjeng med elevar her som har mykje å koma med og som gjerne vil bidra, avslutta lærar Lene Sørbråten.