Kultur- og kunnskapsutveksling på Hjerleid

Denne veka og førre har byggteknikk-linja på Hjerleid besøk av tre utvekslingselevar frå Estland, som har kome hit for å lære norsk laftekunnskap.

Fokuserte og lærevillige: Lærar ved byggfag-linja, Ole Ivar Lierhagen (t.v.) er nøgd med elevane frå Estland: Jaanus Erm, Karl Toomet og Alari Trumm.  

Nyheter

Det er elevane Alari Trumm, Karl Toomet og Jaanus Erm som besøker handverksskulen. Dei tre elevane går til vanleg på skulen Hiiumaa på ei øy utanfor Estland, og det var dei som tok initiativ til utvekslinga, ifølge rektor og dagleg leiar ved handverksskulen Helle Hundevadt.