Lesjas julegåveaksjon er i gang

Lesja kommune gjentek den 25 år gamle tradisjonen ble julegåver til vennskapskommunen Marijampole i Litauen.

Ungdomsrådsrepresentantane frå Lesja, Nora, Marita og Irja, legg gåver under juletreet. På turen i fjor tok dei med seg 250 julegåver til Marijampole, og ein pengesum på 20 000,-.  Foto: Lesja Kommune

Nyheter

Det er i år 25 år sidan Lesjasamfunnet ga julegåver til barn i Marijampole for fyste gong. I byrjinga vart gåvene sendt til eit fast barnehjem, men dei siste åra har dei blitt gjeve til fleire barneheimar og institusjonar i kommunen.

- Vi har også fått moglegheit til å hjelpe ein del familier som lever i stor sosial nød med nødvendige hushaldsartiklar, og det er ynskjeleg å fortsette med, seier forvaltning og utvklingskonsulent i Lesja kommune, Martin Vorkinn.

Det er sosialavdelinga i Marijampole kommune som mottek gåvene og fordeler desse til familiar som har det vanskeleg.

Viktig aksjon
Gjennom dei 25 siste åra har samfunnet i Litauen gått gjennom svært store endringar, gjennom mellom anna ein barnevernsreform som førte til at dei store barneheimane blir avvikla, og barna blir teke hand om på andre måtar.

- Marijampole kommune har vore tydelege på at julegåveaksjonen er svært viktig. Institusjonane får merksemd, barna får oppleve litt varme og omtanke i høgtida og nokre familiar får støtte til heilt nødvendig utstyr for å greie seg i kvardagen, seier Vorkinn.

Overleveringa skal skje den 6. til 9. desember, og i år skal 2 representantar frå Lesja Ungdomsråd vere med på turen til Litauen.

Gavetips
Barne i skulane og barnehagane i Lesja blir oppmoda om å gje ei gåve til barna, men Vorkinn presiserer at dette er heilt frivillig.

Lesja kommune ber også om å ta hensyn til visse ting om man ynskjer å gje gåve. Blant anna blir det ofte få pakkar egna til dei mellom 14 og 18 år. Dei oppmodar til å pakke inn gåvene i sterkt papir, og pakkane kan heller ikkje vere for store, då dei skal bli frakta med fly.

Kort og andre helsingar må festast godt til pakken, og skal merkast med alder og om det er til gut eller jente. Ei fin gåve må heller ikkje koste mykje.

Nok ein gong i år kan ein også benytte seg av Vipps, dersom ein ynksjer å gje penger.

Kommunen vil besøke skular og barnehagane for å samle inn gåvene måndag 3. desember.