På vegen med det kvite gullet

Vigga har fått vera med Inger Slettum for å hente mjølk på gardar i Lesja og Dovre.

Inger Slettum har med seg eit omreisande laboatorium i tankbilen. 

Nyheter

Klokka er litt før tre om natta. På Storhaugverkstadet på Lyftingsmo står ein bil med motoren i gang og lysa på. Det er tid for at arbeidsdagen, eller arbeidsnatta, til Inger Slettum skal ta til. Bilen er eit vogntog, på sida av bilen står det TINE.

– Eg la meg ikkje så tidleg i går, men du veit, eg er van med dette, seier ho blidt.