Ny årbok i butikkane

Lesja Historielag si årbok for 2018 er no å finne i butikkane.

Ny årbok: Årbok 2018 for Lesja er ute. 

Nyheter

Årets utgåve har mange artiklar om lokale kunstnarlege uttrykk, som song, musikk, litteratur og målarkunst. Blant anna Magne Bø, Thor Selsjord

og Audun Høgbrrenna får sin plass i boka, som nemneverdige skikkelsar innan nettopp dette. Alle med sterk lokal tilknytning, som likevel nådde langt med kunsten sin.

Ein kan også finne fleire artiklar med arkeologisk bakgrunn, om blant anna reinsfangstanlegget på Slådalen og utgravingane der som blir vinkla forskjellig av utgravingsleiaren Britt Solli. I denne artiklen vil ein kunne sjå på og få ei mogleg forklaring på heile anlegget, både innan oppbygging og drift. Vikingsverdet som blei funne i fjor har også fått ein egen artikkel.

Ikkje minst får ein eit innblikk i nær lokalhistorie, som blir fortalt gjennom fleire artiklar. Skuleskitur på 40-talet, byungar som var på Lesja under krigen, brann og ulykker i Kjøremsgrenda, og ei snart 80 år gammal dagbok skildrar dåtida. I artiklen om Lesja Bygdekvinnelag kan ein lese om viktig kvinnehistorie i bygda.