Aasmund og Åsmund song jula inn med Lesja barnekor

For å markere fyste sundag i advent hadde Lesja barnekor med seg musikar Aasmund Nordstoga og gitarist Åsmund Reistad på ein stemningsfylt konsert i Lesja kyrkje.

Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad song og spela jula inn saman med Lesja barnekor. 

Nyheter

Det var knapt eit ledig sete att i kyrkja då Nordstoga presenterte songrøysta si foran publikum. Saman med Åsmund Reistad på gitar, og Lesjaskogs Paul Gunnar Lien på piano, sette dei stemninga for kvelden.

Trass eit velkjent namn på plakatane var det nok ikkje desse karane publikum kom for å sjå. Dei var nemleg akkompagnert av Lesja barnekor saman med aspirantane.