– Må sette nye mål for sesongen

Mari Sverdrup overraska seg sjølv og må sette seg nye mål for sesongen, etter helgas Norgescup i skiskyting på Geilo.

Mari Sverdrup frå Dombås IL kunne smile etter ein andreplass i fellesstart og ein femteplass i sprint, med feilfri skyting i begge løpa. Og med null bom, vankar det diplom i «Nullerklubben».  Foto: Privat

Nyheter

Laurdag skaut dombåsjenta to fulle hus og enda på ein femteplass i sprinten. Søndag følgde ho opp med 20 nye treff og seila inn til ein andreplass på fellesstarten.

Stabil ståandeskyting

Femteplassen laurdag kom ikkje gratis. Mari fortel at sprinten kjentes frykteleg, reint fysisk.