E136 opna att

Berginga av eit vogntog førte til stening av E136 i Romsdalen.
Nyheter

Tidlegare i dag velta det ein hengar til eit vogntog mellom Åndalsnes og Trollveggen. Det var inga personskade, men vegen er stengt. Uhellet skjedde eit stykke sør for innkøyringa til Trollstigen.

Politiet i Møre og Romsdal meldte ved 14.00 at vegen vil vere sperra ei stund til, i samband med berging av hengaren. Det var omkøyring via gangveg for personbilar, men større køyrety måtte vente til berginga er avslutta.