NSB og Fjord1 saman om ny reiselivssatsing

Fergeselskapet Fjord1 og NSB skal etablere eit nasjonalt reiselivsselskap saman. Det kan bety mykje for blant anna Raumabana.

Ei satsing saman med fergeselskapet Fjord1 kan føre til enda fleire turistar på Raumabana.   Foto: NSB

Nyheter

Dei har som mål tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg, bidra til heilårsturisme og utvikle nye turistdestinasjonar

Det to selskapa skal eige 50 prosent kvar, og dei har jobba eit års tid med dei nye planane. Målet er at det nye storselskapet skal vere etablert innan slutten av mars neste år. Det nye selskapet har det ikkje noko namn enda.

Selskapet skal sjølv, og gjennom partnarar, utvikle og samle reiselivstilbod og opplevingar i heile Norge. Dei vil tilby miljøvennlege rundreiser som saumlaust kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar. Dette skal skje gjennom å etablere ein sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Norge som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon. Det nye reiselivsselskapet vil tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg.

– Hovudmålet er å gjere Noreg enda meir tilgjengeleg for turistar som har lyst til å reise rundt i landet på ein miljøvennleg måte. Vi vil også tilgjengeleggjere område som ikkje er så godt besøk i dag, fortel konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet, Synne Homble, til NRK.