Førjulsstemning på Dombås kino

Torsdag kveld blei førestillinga "Lussinatt" heldt på Dombås kino, med så stort oppmøte at kinosalen blei bortimot fullsett.
Nyheter

95 utøvarar frå Lesja og Dovre kulturskule, LesjaDovre danseteam, Lesjaskog skulemusikk, Lesja skulemusikk og Dovre skulekorps var alle bidragsytarar til at det blei ein vellykka kveld i kinosalen.

- Eg er veldig fornøgd med elevane sine prestasjonar, seier Anethe Kleven, rektor ved Lesja og Dovre kulturskule, som arrangerte førestillinga.