Kyrkjekonsertar på både Dovre og Lesja

Søkjer du julestemning er Dovre kyrkje eller Lesja kyrkje staden å vere fredag kveld.

Fredag er det julekonsert med Lesja og Lesjaskog sangkor i Lesja kyrkje, og "Folkelig jul" i Dovre kyrkje. 

Nyheter

Konserten «Julekveldsbilete» og er å oppleve i Lesja kyrkje.

– Vi har med oss Audun Høgbrenna som vil lese nokre av sine juledikt, fortel Gunhild Mømb.

Høgbrenna er årets kulturprisvinnar i Lesja, ein pris han fekk for si rikhaldige diktarkarriere. Førjulskonsert er ein lang tradisjon for koret, som brukar å byte på å arrangere konserten på Lesja og på Lesjaskog.

I tillegg har dei fått med seg nokre lokale som skal lese om sine julekveldsbilete, altså sine minner og assosiasjonar til jula. Av dei som skal lesa er Jørgen Torstad, Marita Lindbom, Ola Matti Mittigard og Mette Hole.

– Koret skal selvfølgelig også servere publikum med ei rekkje flotte julesangar. Etter konserten blir det gløgg og pepperkaker, seier Mømb.

Folkelig jul

I Dovre kyrkje er det  Marie Klåpbakken, Øyvind Smidt og Kriss Stemland som presenterer konserten «Folkelig jul».

– Marie og Øyvind er gudbrandsdølar med sterk tilhørigheit til folkemusikkens tradisjonelle tonar og tekstar. Programmet består av gamle og nye julesanger i jordnære arrangement for sang, fele, bratsj, mandolin og gitar, fortel kantor Jørgen Brandli.


Øyvind Smidt og Marie Klåbakken spelar i Dovre kyrkje.