Sverdfunn i Lesja gav nye oppdagingar:

– Vegen mellom Lesja og Skjåk kan vera 1500 år gamal

– Det er ikkje utenkjeleg at ferdselsvegen gjennom Vesleskaret kan vera minst 1.500 år, kanskje mykje eldre enn det òg. Å registrere denne eldgamle vegen har bydd på mange spennande opplevingar, seier Reidar Marstein til avisa Fjuken.

Like ved Olavssteinen ligg denne steinsirkelen. Det er fleire slike i Råkfjellet mellom Lora og Skjåk.   Foto: Reidar Marstein

Nyheter

Under reinsjakta hausten 2017 vart det funne eit sverd i ei steinurd i Gråhøe i Lesja. Sverdet, som hadde halde seg svært godt, synte seg etter kvart å stamme frå vikingtida. Det vart sjølvsagt spekulert i korleis eit slikt kostbart våpen hadde hamna i ville fjellet, rundt 1.650 meter over havet, men kanskje var ikkje fjellet så avsides og vilt?