Med Dovre i verda kom verda til Dovre

Åpningskonserten på årets Dovrejul samla tonar frå heile verda under samme tak i Dovre kyrkje.
Nyheter

Folk har støtt flytta seg over landegrenser, det same har musikken. Sangar frå Dovre og leikar etter den kjende spellemannen Hans W. Brimi møtte musikk frå det persiske folkeinstrumentet santur, noko som fekk nærare 200 personar i Dovre kyrkje til å sitte som tende ljos. Det er noko unikt med at musikarar i verdsklasse kjem hit, ein treng ikkje reise ut i verda for å oppleve dei.

Brør og bakmenn, Per Arne og Bjørn Sigurd Glorvigen, har også i år sett saman eit program med musikarar i toppklasse. Dei tok deltok begge på konserten på Dovre. Det samme gjore Bjarne Magnus Hensen på fiolin, Jon Sønstebø på bratsj, Steinar Haugerud på kontrabass, Bjørn Kåre Odde på fele, Ole Nilssen på trekkspel, Paul Wilmot på piano og Javid Afsari Rad på santur.

Safa Abudusha, som sjølv har kome til Norge som flyktning, las tekstar som fortalte om flyktningar sine opplevelsar i dag, noko som vart sett opp mot brev som dovringar hadde sendt heim til sine etter utvandring til Amerika. Det å reise frå noko kjent og kjært har det same i seg i dag som det hadde for 200 år sidan. Musikken er eit språk alle kan, og tekstane som vart lese vart fulgd av norsk og persisk folkemusikk. Det var både norske, italienske og tyske komponistar repertoaret, i blanda ein dæsj Hans og hånån og ein kraftfull allsong til slutt.

Musikkfesten fortsette med Nachsprell på Jetta kafeteria. Dei same musikarane følge med, med eit program med noko lausare snipp. To unge Glorvigen-talent fekk synt fram kva dei kan. James og Emily Glorvigen viste med sine kunstar på piano og fiolin at musikknerva er sterk i Glorvigen-slekta.

– Du veit, det er eg som er det største talentet i familien. Brørne mine vil berre ikkje innrømme det, ler Olav Glorvigen, far til dei to talenta som fekk synt seg fram på familiens gamle kro.

Og Dovrejul starta med nettopp familen, og ein familekonsert i 2011.

– Det var Per Arne som hadde dei store visjonane og ideane. Han tenkte viare og større, seier lillebror Bjørn Sigurd.

Og da vart det slik. Bjørn Sigurd seier dei ynskjer å vere eit alternativ til sukkersøte adventskonsertar og julekonsertar, og å motvirke gravitasjonskrafta der stadig meir skjer sørover i dalen.

– Vi ville lage noko for dovringane, seier Bjørn Sigurd.


Laurdag er det Dombås som er staden. Bjørn Kåre Odde står bak årets tingingsverk Slåttånd, som vert utframført i Dombås kyrkje. Det vil også vere urframføring av eit eldre verk, Symfoni nr. 4 av dovrekomponisten Ole Hjellemo. Konsert for orgel, strykarar og pauker av Francis Poulenc vil også vere å høyre i kyrkja 5. dag jul.


Årets Dovrejul var ei hard kunsterisk nøtt å knekke, men med god kjennskap til både det klassiske miljøet og folkemusikkmiljøet fekk dei sett saman eit program dei er godt nøgd med.

– I arbeidet kan du seie at Per Arne er visjonæren, medan eg er realisten, seier folkemusikar Glorvigen.

Det har vore nokså jamnt med publikum på arrangementa dei har hatt, men ynskjer at enda fleire nyttar sjansa til å oppleve dette unike som skjer. I år har dei fått med seg lokale sponsorar, noko dei set stor pris på.